47. utgåve | 3. november 2022 | BOKMELDING
Claude Royet–Journouds dikt leiar oss til grensa for det leselege, idet dikta sin oppbrotne karakter skapar ei krise i lesinga, der spørsmåla om det finst noko å forstå, og korleis forstå, aldri slepp taket.
DIKT
Claude Royet-Journoud
Hjertets atributter og bruk
81 s.
Gjendikta frå fransk til norsk av Jørn H. Sværen
Kolon forlag 2022
AV SINDRE EKRHEIM
Poesibøkene til den franske poeten Claude Royet-Journoud (f. 1941) uroar nok den som ser poesien som ein type personleg kommunikasjon eller som meiner det finst skrive- og lesemåtar som er meir naturlege enn andre. I møte med diktboka under handsaming her, blir ein slått av denne totalt omkalfatra poesien der kjensler og all subjektivitet verkar reinska bort. Merkeleg nok, sidan eit av dei mest emosjonelt lada poetiske orda overhovudet strålar frå tittelen: hjarte. For det ein står att med når poeten har gjort reint, er noko anonymt, nøytralt og sterilt, eit språk som verkar å ha falle frå kvarandre og som møter ein med opne, gapande rom.
FANGER
utenfor tilståelsen
bestrides intrigen av det som kommer til syne
det ubevegelige
snekkerarbeidet visker ut begrepene
du er aldri vitne til denne avstanden
den andre fjerner seg
kroppen oppløses innenfor rammen
*
offergavens nakenhet
det er ikke mer enn å trekke unna en fiksjon
et øyenlokks obskøne hvithet
å gå seg bort i et vell av kjensgjerninger
«han fikk tungen skåret av»
[I natten og sanden: Et stykke kropp sprer bildet. Et klede skjermer ulykken. Uttømming av figurene. Stemmene er bak på ryggen, de når skuldrene og oversvømmer noen ganger en del av hjertet. Jeg lever i et ekko. Det finnes ikke lenger en flokk. Omvendt grammatikk. Han later til å stirre i bakken. Det var avslutningen av et rituale.]
«Fange», som er opningsdiktet i Hjertets atributter og bruk, trekkjer lesinga i nokre bestemte retningar. Ord som «Fange», «tilståelse», «vitne», «øyenlokkets obskøne hvithet», «’han fikk tungen skåret av’» verkar å ha med juridiske felt og med brotsverk å gjere. Ein finn orda kropp, namn på kroppsdelar, augelok og hjarte. Atter andre ord trekkjer i retning av det rituelle, som «offergave». Ulukke blir også nemnt. Somme sekvensar stikk seg meir ut, kanskje særleg «det ubevegelige / snekkerarbeidet visker ut begrepene», og om ubevegeleg er ein karakteristikk av snikkararbeidet eller ikkje, er heller ikkje lett å avgjere, men er ein moglegheit. Det finst også ein del beskrivingar av språklege fenomen. I det som står i klammer og liten skrift nede på sida, i ein tekst med prosaoppsett, les ein mellom anna orda «Omvendt grammatikk». Grammatikk tydde opphavleg å lese og skrive rett, no siktar det til regelsystema i språk og skildringa av desse; så ein «omvend grammatikk» må difor vende om på ei rekkefølgje, eller gå den motsette vegen, jamvel om det ikkje er så lett å gi eit eksakt bod på kva det skal vere her, anna enn at grammatikken finst der, i oss og i språkets overflate.
Når så mykje ligg utanfor, og verkar å mangle, i teksten, i så stor grad at det forårsakar ei krise i lesinga, blir i det minste brotflatene og kantane akutt merkbare. Tomme plassar blir opna, men kva som er forsvunne, blir det teia om. Og det fråverande fangar lesarane. Eg bit meg også merke i dialektikken mellom det som er synleg og det som ikkje er det. Og det ein kan slå fast så langt, er at teksten består av nokså heterogene tekstbrokkar og fragment.
Det juridiske språket insisterer på eit samanfall mellom verda og utsegnene om ho. Ei utsegn blir rekna som sann dersom ho fell saman med visse kjensgjerningar. Dette juridiske språket botnar i eit bokstavleg språksyn. Det er eit ekkospråk: «Jeg lever i et ekko». Språket er berre eit ekko av verda. Eit totalt isomorft samanfall mellom språk og verd – kanskje er det ein utopisk draum for det juridiske språket, fordi alt som blei sagt, og overhovudet kunne seiast, alltid ville vere sant – vil vere ein katastrofe.
Ein katastrofe har iallfall skjedd i teksten, ei ulukke. Det er som diktet legg ut leietrådar eller spor i ei kriminalhistorie. Sidan eg strevar med å finne rett perspektiv å legge an på diktet, så er det opnande for meg å tenkje orda som spor, altså som leivningar, merke og avtrykk snarare enn tydingsberarar. Spor seier berre at noko har vore her og er forsvunne. Det er altså ikkje berre det som står fram som kvite felt på boksida, men også det som finst der, orda, som er fråverande. Fråverande er også det lyriske, noko som ofte gjer ein kjensla av ein flat og litt eindimensjonal poesi, men det er intendert frå poetens side. Følgjer ein spor og søkjer det forsvunne, då jaktar ein. Slik kan ein kanskje komme på sporet av Royet-Journouds poesi, ved å sjå den i lys av brotsverk, spor, etterforsking og jakt. Og viss ein jaktar, kan ein kanskje «fange» det ein jaktar på? Fleire kommentatorar har peikt på desse aspekta i Royet-Journouds poesi.
Språk kan vere så mykje: Somme legg vekt på hendinga ein ser gjennom skrifta. Andre ser skrifta sjølv som ein instans av – og hending i – røynda. Eit dikt kan føre oss mot grensene til språket, der språkets gestar peikar taust på det som ligg utanfor: kroppen og stilla. Royet-Journouds dikt leiar oss også til grensa for det leselege, idet dikta sin oppbrotne karakter skapar ei krise i lesinga, der spørsmåla om det finst noko å forstå, og korleis forstå, aldri slepp taket. Og om ein reiser slike spørsmål, sender dei oss attende til språket.
Den franske poeten må ein plassere mot kategorien for språk og grammatikk. Her vil ein sjå språk som reglar, grammatikkar, som system, med vekta på det konstruktive aspektet ved alt språk. Men om det er rett å brenne Royet-Jorunoud fast i den stillinga, er eg meir usikker på. I alle fall representerer diktboka ei utfordring for lesaren, fordi lesehandlinga blir så kritisk. Royet-Journoud kastar om på alt det ein tek for gitt når ein les poesi. Denne poesien, kanskje i tråd med at den er oppteken av reglar, har forskrifter om at ein ikkje skal bruke metaforar, analogiar, assonansar, bokstavrim og liknande. Lesetilbøyelegheitene er så rotfesta at det ikkje er gjort i ei handvending å avlære seg desse unotane.
Vanlegvis tenkjer ein at ordforma er skilt frå tydinga, men hos Royet-Journoud er ordform og tyding ein einskap. I tradisjonell poesi betraktar ein språkbiletet i retning av ein mental konstruksjon, ordet aktiverer og påkallar eit indre bilete, slik at lesaren så å seie sluttar frå ordform på papiret til ei mental tyding. Royet-Journoud ser dette annleis: Det indre er der, i uttrykket, eller i ordforma, straks ein ser ordforma. Det er som når ein ser eit tre, ein må ikkje foreta ein logisk slutning for å skjøne at det er eit tre ein ser, for treforma er allereie gitt oss. Verda og medvit er eitt, skuggar av kvarandre, så samanfiltra at ein ikkje veit kor det eine startar og det andre sluttar. Fleire har i samanheng med poesien til Royet-Journoud peikt på den seine Wittgensteins tankar om fysiognomi og andletsuttrykket: Tydinga til eit ord er som sinnstilstandens forhold til andletsuttrykket. Når me ser eit andlet, så driv me ikkje med slutningar om sinnstilstanden, me ser det med ein gong, i eitt: «Me skildrar eit andlet som trist, strålande og prega av keisemd med ein gong me ser det, sjølv når me ikkje er i stand til å gi andre skildringar av det.» Wittgenstein skriv også at me ikkje først og fremst er delelege i kropp og sjel (som svarar til delinga i ord og tyding), me er først og fremst menneske.
I seinare år har det kome tre av Royet-Journouds seine diktbøker på norsk: De enkle legemers endelighet (2018), Preposisjonenes teori (2021) og Hjertets attributter og bruk (2022). Det er mykje interessant å hente i hans forfattarskap, om tenking kring språk, uttrykk og poesi, men dette krev noko av lesaren, fordjuping i diktteksten og i den viltveksande teorien. Iblant tenkjer eg at lesnaden og eventuelle poetikkføringar bør springe fram or dikta, ikkje basere seg på teoriar pressa på frå utsida for å skape ei leseleg ramme. Men om ein les med heile kroppen, aktiverer ein arsenalet av erfaringar og minne, og oppdagar at det ligg veldig mykje umedvite teori og halvtfordøyde sanningar der. At Royet-Journoud skriv ein poesi som står i gjeld til ulike språkfilosofiske teoriar, er tvillaust. Royet-Journouds radikale poesi og poetiske tenking kan befrukte den norske poesien og kritikken.
I diktet «Kroppen ved siden av» heiter det at «vi forblir bare leketøy for en skygge». Eg veit ikkje om det er lov å tenkje, eller om dei royet-journoudske poesiforskriftene forbyd meg det, men det er iallfall éin ting eg kjenner, ja, om det er lov å bruke slike emosjonelle ord, når eg les Hjertets attributter og bruk: at det å lese Royet-Journouds poesi er som å springe etter sin eigen skugge. Og at det er eg som får skuggen til å røre på seg.
Sindre Ekrheim, f. 1967, er poet, kritikar og redaktør for Krabben.