TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

Som eit bergverk

AV SINDRE EKRHEIM

Sjølv om ein diktpamflett kan vere vanskeleg å vurdere, fordi pamfletten må etablere kontekst på avgrensa rom, fungerer dikta til Leander Djønne om ein les dei som sekvensar og forlaup i tid, som rytme- og klanghendingar.

DIKT

Leander Djønne

NO

48 s.

Parallell 13,

KRAFT Press, 2024

LYTT TIL BOKMELDINGA

Som eit bergverk

Sjølv om ein diktpamflett kan vere vanskeleg å vurdere, fordi pamfletten må etablere kontekst på avgrensa rom, fungerer dikta til Leander Djønne om ein les dei som sekvensar og forlaup i tid, som rytme- og klanghendingar.

DIKT

Leander Djønne

NO

48 s.

Parallell 13,

KRAFT Press, 2024

AV SINDRE EKRHEIM

NO av Leander Djønne inngår i ein tekstserie som i vent utforma hefte presenterer frittståande responsar på kunstutstillingar. Tidlegare har mellom andre Maria Dorothea Schrattenholz, Edy Poppy, Erlend O. Nødtvedt, Cecilie Løveid, Lisa Him-Jensen og UKON bidrege med tekstar i serien. 

Om serien

Om namnet på serien – «Parallell» – tilseier at dei litterære tekstane og kunstutstillingane aldri skal møtast og kryssa kvarandre, må koplinga mellom dei to sfærane prosjektet sjølv insisterer på, verke paradoksal. Men bak i heftet får ein vite, at utgjevinga er ein «respons», altså eit svar, på ei utstilling, og at serien «inviterer forfattere til å produsere frittstående tekster til pågående utstillinger på KRAFT».

Både biletkunst og litteratur dreier seg om teikn. Med tanke på parallellitet, er det kan hende ulikskap i materiale det er tale om: Litteratur er språk og tekst, der mediet er papir, bok eller hefte, i ei utstilling vert kunstobjekt stilt fram i eit rom. Det er lett å lage trøbbel, for visuelle dikt er også romlege, om enn papiret eller boka ikkje er eit rom i vanleg forstand. Tekst kan også stillast ut eller framførast i eit tredimensjonalt rom. Og det finst kunstnarar som aktivt arbeidar med samverke mellom biletkunst og poesi, til dømes Silje Linge Haaland.

Sidan det ikkje er eit nytt fenomen at biletkunst inspirerer til litteratur og vice versa, har det eventuelt nye her å gjere med at prosjektet insisterer på å kombinere tekstlege forlaup med romlege kunstartar, men likevel utan at kunstartane byrjar å veve seg i kvarandre, som ei blandingsform. Spørsmålet er om kunstartane i prosjektet er likestilte når utstillinga kjem først og står for seg sjølv. Vel er teksten sjølvstendig, men kjem etterpå og har utstillinga som ein meir eller mindre tydeleg referanse og horisont. Om ein er vrang, kan ein handsame dette forholdet som ein påstand om kva kunstart som er reinast og mest original. Har litteraturen endeleg blitt til illustrasjon– illustrasjon som er den litt nedsetjande nemninga ein bruker om kunst som har ei avhengig, sekundær og underordna rolle i forhold til ei anna framstillingsform.

Utstilling

Leander Djønnes NO er altså eit tekstleg svar på Marte Johnsliens utstilling Gaea Norvegica som ein kunne sjå frå januar til mars 2023 i Bergen. Utstillinga er del av eit større prosjekt Johnslien held på med, The materiality of white, der ho historisk og estetisk undersøker stoffet titanoksid, eit pigment som vert nytta i framstillinga av kvitt fargestoff i mellom anna maling, plastikk og kosmetikk. Gruveselskapet Titania AS har sidan 1902 drive gruver og dagbrot i Sokndal i Rogaland der dei har teke ut titanjernstein som inneheld titanoksid. Avfallet frå gruvene, med sand og slam, anten det er dumpa i Jøssingfjorden eller avsett i landdeponi, har skapt store miljøøydeleggingar.

Sjølv om titanoksid verkar fjernt frå skrift og tekst, referer sjølve verkittelen Gaea Norvegica til tekst, det er namnet på eit verk i tre band om norsk geologi. Om Johnslien ikkje er direkte objekt for denne bokmeldinga, skal det seiast at verket hennar er rikt og aktiverer ei rad med tydingar og komplekse samband av historisk og estetisk art.

Dikta i NO

I kva grad Johnsliens verk kling med i NO, er ikkje lett å avgjere og er heller ikkje avgjerande. Fjell og stein og ord som «jordskrope» og «jord» opnar i alle fall ein mogleg horisont mot Johnsliens verk.

Sjølv om tid og forlaup vert aksentuert av tittelen NO, skjer dikta i eit grafisk rom. Den avvikande måten teksten er stilt opp på, gir signal om at oppsettet ber tyding. Den grafiske rytmen påverkar korleis teksten kling og blir lesen. I tillegg skal det nemnast at det blant dei åtte tekstane finst eitt heilt tydeleg visuelt dikt, som teiknar forma til ein attkjenneleg gjenstand. I det siste diktet «Fram no» dannar teksten ei form som liknar vase, urne eller skål, eller eventuelt forma til eit tomrom.

Eit tomrom, ja. Til dømes tomrommet som dannar seg i fjellet når eit gruveselskap hentar ut mineral og titanjernstein. Om ein skal vinne ut eit narrativ frå dikta, kan ein førestille seg at dikta skildrar uttaket frå ei gruve, heilt til det endar opp med tomrommet etterpå, der «grunnen sitt kjølige vatn / skal halde meg vaken», som det står i det siste urne- eller tomromsdiktet. Undervegs skapar besjelinga av steinar og natur ei sterk kjensle av nærvær.

Tekstane, bortsett får den nemnde «Fram no», er delt opp i to kolonner, slik:

                                             ja

                                             eg

                                             ja

har vore

her før

                                             og

                                             no

eit fall

mellom andre

fall

                                             og

                                             eg

har vore

her før

                                             og

                                             no

                                             ja

                                             no

                                             ja

i fallesjuka

som

                                            no

Me høyrer om eit fall, og den fallande rørsla går gjennom dei andre dikta. Fall omtalar også det som skjer på det grafiske nivået, sidan teksten gir inntrykk av at orda fell loddrett nedover sida, kanskje særleg orda i kolonnen til høgre. Fallet blir også omtalt som ein sjukdomstilstand, epilepsi («fallsjuka»).

Småorda i venstrekolonnen, slik som og, eg, no, ja, ho, du osb. vert gjentekne. Dei isolerte småorda er som partiklar spalta og skuven ut frå ein opphavleg samanheng. «No», som syner til augeblikket, til at noko openberrar og syner seg og er nærverande, kjem hyppig. Men det er usikkert om «no» nokon gong blir fiksert, innfridd og fullbyrda, eller om det berre vert ein aldri fullbyrda lovnad, ei framtidsførestilling. Ein kan også tenkje seg at alle desse no-instansane til saman dannar ein lengre tidssekvens. Korleis artar augeblikket seg sett i geologisk tid?

Sjølv om ein diktpamflett kan vere vanskeleg å vurdere, fordi pamfletten må etablere kontekst på avgrensa rom, fungerer dikta til Leander Djønne om ein les dei som prosessar, sekvensar og forlaup utstrekt i tid, som rytme- og klanghendingar. Som eit bergverk. Og det ligg også ein logikk i dette forlaupet, i og med det siste diktet som skil seg frå dei andre, som stoggar fallrørsla og er eit forma tomrom, etterlaten, som lengtar etter å bli fylt: «(torv og røter minskar mi einsemd)».

SINDRE EKRHEIM, f. 1967, er poet, kritikar og redaktør for Krabben.

Start video