Dette barnet som ikkje kan snakka og heller aldri vil kunna det, gjer likevel mykje av seg. Rett nok kan ho sitja i det som kan sjå ut som undrande ro, men oftare er ho repetitivt aktiv, hiv ting i femte veggen, eller frydar seg i valdsam leik, som når ho blir herja med og kasta rundt av faren. Så: «Hels på jenta i berre bleie som står på trappa med andletet pressa mellom sprinklane i gelenderet. Hels på desilitermålet framfor ytterdøra, rivjarnet i sofaen, steikjespaden i badekaret» (s. 27). Og likevel «lever mirakelet i meg», som i det vedunderlege «Tungetale» (s. 56) der faren tenker seg at dei ein dag skal snakka same språk: «Språket mitt, du snakkar språket mitt!»
Faren elskar den vesle, men sidan han til liks med lesaren er eit menneske, er han ikkje usliteleg, ikkje bare uendeleg godt og gode. Og det plagar han, for han kjenner på «Skamma over å ha skamma meg over deg.» (s 67) Ja: «Kor skrekkeleg er det ikkje å kalla eit barn ei sorg?» («Andre forsøk», s.70) Så skriv han då heile den boka han gir tittelen Alt som skranglar, til henne som verken kan snakka eller lesa eller respondera på skrifta hans. Det kan verka paradoksalt. Er det kanskje også, når han i utgangspunktet sjølv heller ikkje veit eller forstår kva han kjem til å seia. Slik er innleiinga i boka, svært så apropos, tenkjer eg meg, med eit motto i form av ein språkfilosofisk sentens henta frå Johan Asplund: «Jag vet inte vad jag har sagt innan du har svarat.»
På forunderleg og vakkert vis deler far og dotter det musiske språket: «Eg tek gjerne legginga, kan syngje lenge for deg, har lært ei rekkje songtekstar etter at du kom til. Barnesongar treng det slett ikkje vera, og eg treng ikkje syngje på norsk: Du kan dei fleste språk, og nattspråket snakkar du flytande». (s. 34) Eller sidan, under stellet: «Når eg til dømes held fast hovudet ditt og tvingar opp munnen din for å pusse tennene, klappar du. Det tyder: Syng, hoffnarr! Syng den jævla tannpussesongen med innleving». (s. 52) Eller, som det står på den siste av dei svarte mellomleggssidene som markerer kapittelinndeling i boka: «Å elske songane, utan å spørja kva orda tyder.» – og det er heile teksten på side 77.
Om dottera ikkje kan forestilla seg det, så veit faren at dei ikkje for alltid vil ha det slik som nå. Han kan ikkje la vera å tenka seg den dagen dei skiljest, «Andre forsøk», side 70: