Sjølv om debutanten Priya Bains’ lyrikk står i krysselden av formaningar, forventningar og sitatlikande utsegner frå eit familiekollektiv – utsegnene kunne godt ha vore autentiske og dokumentariske – evnar denne lyrikken ved enkle språklege strategiar å skjerpe og kvesse røystene som famlar etter fotfeste i verda.
DIKT
Priya Bains
Med restene av mine hender
170 s.
Oktober forlag, 2021
AV SINDRE EKRHEIM
Familien har ein ideologisk-pedagogisk funksjon ved at familien lærer ein å akseptere hierarkiet og den herskande ordenen. Familien overfører verdiar og overtyder ein om at systemet er uunngåeleg, naturleg og bra. For den enkelte gjeld det å føye seg og underkaste seg. Den som bryt ut or den gitte plassen, blir møtt med sanksjonar. I Donald Ducks Andeby og i kapitalismen blir ein då gjort arvelaus. Men kva om ein ikkje har materielle verdiar å overføre og kva om få skjønar noko av den symbolske kapitalen og forhistoria ein sit på?
I debutdiktboka til Priya Bains, Med restene av mine hender, har ein med ein slik utbrytarsituasjon å gjere. Storfamiliens og slektas kollektive forteljingar, irettesetjingar og minnebrokkar har ein tvitydig status som gjer at dikta ikkje avviser storfamiliekollektivets formanande og minneformidlande røyster, men let dei kome til ordet, ja, faktisk nesten gjennom heile den omfangsrike diktboka, og på ein slik måte at det lyriske egets eiga røyst forstummar. Eget vert nærmast til ein usynleg og nøytral formidlarinstans, dels observerande, men i hovudsak som nøytral referent av det sagde – noko som gjer at lesaren indirekte må slutte seg til det lyriske egets tilstand, haldning og kjensler.
familien sier:
frasi deg alt
som tilhører deg
og spør: hva er så igjen
når stopper eierskapet
noe må det da være
som ble lagt i dine hender
som ikke er ditt å gi bort
(s. 53)
Transaksjonar og utvekslingar, anten av gåver, føresegner, tradisjonar, minner og seiemåtar, står sentralt i diktboka. Materielle verdiar som territorium og eigedom handlar det ikkje her om å overføre, for familiemedlemmane syner, i tillegg til den staden dei no er på, til ein fjernare stad, ein stad som «er et land hvor gulrøttene er røde» og som ofte er vent, men herja av opprør og utspekulert vald som har gjort at familien var tvungne å forlate det.
( … )
om natten knuste sepratistene
glassflasker i gatene
de visste at folk ikke hadde sko
( … )
(s. 115)
Boka rører seg frå røystene til storfamilien, dei gamle konene til onklar og tanter, til mormor, morfar, brør og systrer, og i bokas siste bolk, til mor og far. For kvar sirkel ein passerer på vegen inn mot denne kjernen, skjer ei overføring og ei ny fortetting. Orda konsentrerer og samlar seg, får aukande vekt og vert kroppsleggjort, men også biletlagd som fysisk tyngd.
Med tanke på det lyriske egets forstumma posisjon i dikta, så verkar følgjande dikt, som også er sitert på bokas bakside, å seie noko om korleis eget rommar overføringane. Det er det forstumma lyriske eget som står som sluttstykke i lekken av talestraumar – og som ber alt fram.
mormor sier:
min røst er
juvelens røst
en stein som triller
ut gjennom min munn
og ned i dine hender
(s. 55)
To hovudkrefter og to hovudmotiv er i sving gjennom diktboka, dei balanserer, disiplinerer og arbeidar mot kvarandre: Levitasjonen og gravitasjonen. Det finst to dikt, eitt i byrjinga og eitt i slutten av boka, der ei takvifte som heng heime hos familien, utgjer eit viktig motiv. Takvifta vert i det første diktet knytt til «guds ansikt», i det siste diktet stig tusenvis av sommarfuglar frå moras bryst opp og «tas av takvifta og spres / utover alle våre hoder / og blir liggende / som glassbrott på gulvet». Tyngde- og spreiingskrafta vinn til slutt.
Eg tenkjer at utseieposisjonen i diktet, eller det eksplisitte fråværet av det lyriske egets tale, er essensielt i diktprosjektet til debutanten. I eit dikt mot slutten av boka verkar eget endeleg å snakke direkte, likevel kjem eget også her berre til orde via andre sine – i dette tilfelle fars – ord og oppfatningar om eget: «far sier at jeg snakker ustanselig / som var hele verden min til eie» (s. 166). Egets tale eksisterer ikkje i eigenskap av det me kallar eit individ, men berre som innlemma eller som utbrytar av kollektivet. Slik vert det etablert ein grunnleggjande distanse i desse dikta.
Gjennom dei mangfelte røystene i Priya Bains’ debutbok vert det skapt eit rikt, mangfaldig og ordhagt univers som foredlar eit knippe motiv. Boka er kanskje for omfangsrik, monoton og gjentakande, sjølv om avdelingane «Forsvinninger», «Dødens ritualer» og «Grensene som blir trukket» set foten ned på ein noko mørkare og meir brutal stad enn dei andre bolkane. Likefullt er det ikkje dei språklege variasjonane og det individuelle særpreget til røystene ein festar seg ved. Viktigare er at debutanten Priya Bains skriv ein lyttande lyrikk, ein lyrikk som høyrer etter ved å gi det attgjevne ein adekvat språkleg struktur. Sjølv om denne lyrikken står i krysselden av forventningar og sitatlikande utsegner frå eit familiekollektiv – dei kunne godt ha vore autentiske og dokumentariske – evnar den ved enkle språklege strategiar å skjerpe og kvesse røystene som leiter etter fotfeste i verda. Poeten skapar desse omstenda som gjer lyttinga mogleg. For skal ein lytte, må ein metodisk underkaste seg ved å setje alt det ein veit og trur i parentes, slik det lyriske eget gjer her. Det inneber ikkje at ein velsignar, aksepterer og godtek alt ein høyrer.