142. utgåve | 13. mars 2025 | BOKMELDING
Kjørsvik sin styrke er heile tida desse to elementa: ei skarp observasjonsevne og eit talent for den overraskande formuleringa. Det står alltid att noko for lesaren å fylla ut for å gjera diktet ferdig.
AV HELGE TORVUND
DIKT
Joakim Kjørsvik
År og dag. Haiku
532 sider
Kolon forlag, 2025
Kjørsvik sin styrke er heile tida desse to elementa: ei skarp observasjonsevne og eit talent for den overraskande formuleringa. Det står alltid att noko for lesaren å fylla ut for å gjera diktet ferdig.
DIKT
Joakim Kjørsvik
År og dag. Haiku
532 sider
Kolon forlag, 2025
AV HELGE TORVUND
Ein kan nærma seg haiku-skrivinga frå ulike vinklar. Nokre poetar er opptekne av å følgja dei mange, strenge reglane som finst, medan andre ikkje fokuserer så mykje på dette, men likevel er ute etter å fanga noko av det som trass alt er essensen i haikudiktinga; å observera det som skjer rundt dei, og peika på samanhengen mellom det som heile tida skiftar og endrar seg og det som samstundes er det same i menneskeliv etter menneskeliv.
Eg har lese like mange såkalla vestlege haiku, haiku skrivne i Europa og USA, som klassiske japanske haiku i gjendiktingar og eg kjenner meg godt heime i Kjørsvik si haikuverd.
Men sjølv om ein arbeider seg innover mot det som ein kan kalla essensen eller kjernen av haikudiktinga, vil ein møta nesten heilt motsette innfallsvinklar.
Ei godt etablert oppfatning går ut på at haiku primært handlar om naturen og alltid skal innehalda eit ord som antydar årstida. Ein haiku skal i tråd med dette synet, presentera poetens visjon av noko i ein spesifikk augeblink, når ting vert fulle av meining ved at dei finst der saman, slik dei er, og vekkjer til live ei stemning som transcenderer tid og stad.
Ei anna haldning til haiku tek utgangspunkt i eit meir generelt syn på poesi som går ut på at diktet ikkje er ei skildring av røynda. Poesi er ei gjenskaping av vår eigen røyndom. Ein haiku er ikkje ei skildring av noko i naturen, og noko årstidsord er dermed ikkje naudsynt, men det heile er eit spørsmål om kva me vel ut når me ønsker å kommunisera noko om oss sjølve ut frå det me ser kring oss. Det er ikkje ein haiku-augeblink som skjer før diktet vert skrive, som betyr noko, men bare den haiku-augeblinken som vert skapt i diktet, som er viktig. Den einaste relevante røyndommen er den som finst i sjølve diktet.
Men uansett kva som er utgangspunktet, vil det alltid vera slik at nokre haikuar rører ved noko i lesaren på ein ganske annan måte enn andre haikuar. Den som skriv må ha sin eigen visjon av korleis ein skal oppnå dette, og ei oppfatning av kva som gjer ein haiku til ein haiku. Ein haikupoet verdt namnet følgjer sin eigen intuisjon og estetikk.
Og når dette fungerer og ein vert bevega og kjenner at noko særskilt oppstår når ein les, så veit ein at det er ekte saker. Kvar god haiku definerer kva ein god haiku kan vera.
Martin Lucas formulerer det veldig fint, når han skriv at dersom nokon spør han kva ein haiku er, er det einaste meiningsfulle svaret: «lyset på marka i det fjerne der storspoven et». Eg har òg sans for noko Kaj Falkman legg vekt på, nemleg at ein haiku framstiller ein situasjon der det skjer ei endring. Det er ikkje ein fotografisk fanga scene der ting vert haldne fast i eit statisk bilete, men meir som ein filmsekvens der det skjer noko. Når frosken hoppar ut i dammen, endrar både biletet av dammen seg og det skjer ei endring frå stille til lyd.
Når ein veit kor vanskeleg det er å få til bare ein god haiku som set noko i rørsle i lesaren, vert ein svært imponert over kor mange slike ein kan finna i Joakim Kjørsvik si omfattande bok på over fem hundre sider. Hovudkomposisjonen i boka er bygd kronologisk opp etter månadane i eit år, frå januar og utover. Men her er òg nokre avdelingar knytt til stadnamn og tema, som alkohol og familie. Heilt til slutt finn ein ei avdeling kalla Dammen der Kjørsvik har samla haiku som spelar på og leikar seg med den berømte froske-haikuen til Basho.
Oppsettet er oftast slik at det kjem tre haiku på eit par sider, så to på ei side og så ei side med bare ein haiku på. Slik blir det både variasjon og mønster i det visuelle heilskapsinntrykket.
Kjørsvik sin styrke er heile tida desse to elementa: ei skarp observasjonsevne og eit talent for den overraskande formuleringa. Dette vert formidla på fortetta vis, slik at detalltid står att noko for lesaren å fylla ut for å gjera diktet ferdig.
Frossent beite.
Tomme snakke-
bobler fra mulene.
Her maner poeten fram eit bilete av hestar som beiter medan frosten får pusten deira til å verta synleg frostrøyk, som kan minne om snakkebobler i teikneseriar. Eit urgamalt hestebilete blir med eit enkelt grep sett inn i ei moderne teikneserieverd.
Religiøs i
noen sekunder. Så får
dekkene feste.
Her klarer Kjørsvik det meisterstykket det er å fanga ein augeblink av angst og korleis denne kan få mennesket til å venda seg mot høgare makter, og samstundes viser han kor fort dette går over, når faren er forbi.
Gaupas lange
gjesp tar en jafs
av vinteren.
Kattedyra er meistrar i geisping. I denne naturhaikuen inngår gaupa som ein del av årstida, og den overraskande slutten skapar ein organisk heilskap av dyr og vinter som samstundes lokkar fram eit smil hjå lesaren.
Ved gamlehjemmet:
en engel i snøen
og en ambulanse.
Eit rikt og vakkert, rørande og vemodig bilete, der ein kan sjå for seg lysa frå ambulansen glinse i snøengelen. Det forgjengelege ved alderen, det guddommelege ved englane og så sjukdom og mogleg død. Alt formidla i løpet av ni ord på tre linjer.
Ukene mellom
larven og vingene
kalles mai.
Eit vårdikt der poeten framkallar eit bilete av sommarfuglar utan å nemna dei og demonstrerer korleis poesien kan skildra det som ikkje blir sagt på ein både treffande og vakker måte.
Kun gresset vet
hvor glatt og varm den er,
pinnsvinets mage.
Ein av fleire haikuar der me kan merka ein gjenklang av den japanske haikupoeten Issa sine yndlingsmotiv og perspektiv; livet til dei små levande vesena me har kring oss.
Jostedalsbreen
ligger der
ikke.
Eit fabelaktig spel med Jan Erik Vold sitt dikt:
dråpen
henger der
ikke
der Kjørsvik dreg inn ein massiv frosen vassmasse som smeltar i staden for ein einskild vassdrope, og på det viset opnar eit stort perspektiv mot klimaendringane i si omskriving av Vold-diktet.
Endring av perspektiv kan mange gonger vera med på å skape spenning og overrasking i dikta, som her:
Ser du ildflua
ved fjorden? Det er
hovedstaden, det.
og her:
Søndag. De spiser
kebab, skråler og
ler, måkene.
og her:
Ved akvariet
titter barna ut
av gamlingene.
I denne boka med hundrevis av haiku, er det imponerande mange ferske og gode bilete. Så er det også nokre som kan opplevast mest som språklege påfunn eller litt morosame petitdiikt:
Den arbeidsløse
frisøren klipper hekken
enda kortere.
Det er ein fryd å lesa seg gjennom År og dag. Her er så stort omfang og samlinga er så rik på gode dikt, at ein les vidare utan å ergra seg over dei som kanskje ikkje treff ved første gongs lesing. Her er jo nok å ta av, og det er bare å lesa vidare og leita seg fram til neste høgdepunkt. Her er mykje som kling nytt og fint, men her er òg heilt klassiske haiku-motiv som får si fornying i gode observasjonar og godt formulerte linjer.
Mellom gravene
leker en svale sisten
med skyggen sin.
Det slår meg gong på gong at dei aller beste av desse haikuane spring ut av ting eg sjølv har registrert, men ikkje reflektert over eller sett i diktform før.
Er ein ute etter gode leseopplevingar, etter smil eller wow-faktor, etter ei aha-kjensle eller den plutselege fornya merksemda ein kan få om samanhengar og om det usagte, vil ein i desse kortfatta nedteikningane ofte finna dette. Her blir kvardagslege element kopla saman slik at ein kjenner sorg, vemod, glede og menneskelagnadar i eit glimt, eller bare i noko som står mellom linjene. Nokre gonger formidlar Kjørsvik vesentlege ting om korleis menneska ber seg åt for å skapa vakre ting, utan å ofra det ein tanke:
Stien i skogen
ble til mens folk tenkte
på noe annet.
HELGE TORVUND er poet. Han har arbeidd som psykolog og som hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Torvund har i ei årrekke vore lærar ved den digitale skriveverkstaden Diktkammeret.no. I tillegg til diktsamlingar har han publisert barnebøker, sakprosa, songtekstar og gjendiktingar.
Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.
Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.