27. januar 2022
Antígona González av den mexicanske poeten Sara Uribe viser til ein ikkje-estetiserande litterær strategi med overføringsverdi – korleis dokumentarisk materiale, litterære tradisjonstekstar, fiktive og poetiske element vert strukturert og får ny tyding som politisk litteratur.
DIKT / LYRISK ESSAY / SCENETEKST / MONOLOG
Sara Uribe
Antígona González
Gjendikta frå spansk til norsk av Bendik Vada
114 sider
H//O//F (2022)
AV SINDRE EKRHEIM
Rammeforteljinga i boka Antígona González av den mexicanske poeten Sara Uribe er at hovudpersonen Antígona Gonzáles oppdagar at broren Tadeo er forsvunnen. Sannsynlegvis er Tadeo teken av dage og vorten eit offer for narkokrigen i Mexico. Antígona leitar frenetisk og undervegs vert framstillinga supplert og broten opp av barndomsminne, vitnesbyrd om andre forsvinningar. Antígona vender seg til familien, men får av dei høyre at ho ikkje må oppsøke styresmaktene fordi det kan føre til represaliar. Oppsporingsarbeidet fører ho til slutt til San Fernando, Tamaulipas, der fleire massegravar med til saman 193 lik vert funne. Til liks med Antigone i Sofokles’ stykke som vert nekta å gravleggje broren Polyneikes – han blir liggande som eit åtselkadaver oppå jorda utanfor byen Teben, vil Antígona Gonzáles finne og gravleggje broren Tadeo.
Fleire av offera frå San Fernando-massakren, avdekt i 2011, var migrantar bortførte frå rutebussar kapra på motorvegen. Tala på drepne, bortførte og forsvunne personar i Mexico er usikre. Mange forsvunne personar blir ikkje meldt sakna i frykt for gjengjelding. Brutaliteten har nådd nye toppar etter at president Felipe Calderón i 2006 intensiverte narkokrigen. I november 2021 skreiv FN på heimesida si at 95.000 personar er offisielt registrerte som forsvunne i Mexico. I tillegg kjem dei som ikkje vert rapporterte.
Særeige ved Sara Uribes tekst er kombinasjonen av dokumentariske innslag og fiksjonselement. Blogg- og nyheitsartiklar, førstehandsvitnemål frå familiane til offera og sitat frå litterære tekstar utgjer dei dokumentariske brotstykka – medan strukturen, monteringa og ramma rundt teksten er oppdikta og konstruert. Uribe seier i eit intervju at namnet Antígona González er autentisk, namnet på ein frivillig som jobba for ein blogg. Antígona González er ikkje meir fiktiv enn at lagnaden hennar er delt av mange.
Så lenge det finst forsvunne kroppar der kroppanes forsvinning ikkje vert offisielt stadfesta, eller omtalt, eller berre vert møtt med likegyldigheit og gjort usynleg, er ikkje verkelegheita reelt eksisterande. Dei forsvunne kroppane blir verande i eit mellomrom; til liks med spøkelse er dei korkje levande eller døde. Kroppane finst berre som fråvær av kroppar, som forsvunne eller forsvinnande kroppar. Teksten til Sara Uribe er like gjennomsyra av forsvinningsmotivet som det mexicanske samfunnet er:
Ingen vil fortelle noe. Som om det å nevne fraværet
ditt gjorde alt mer håndgripelig. Som om å tie om
det gjorde det mindre virkelig. Ingen vil fortelle
noe, fordi de visste at jeg kom til å lete etter deg.
De visste jeg kom til å dra hjem til deg for å spørre
ut kona di og klandre henne for at hun ikke meldte
fra om det med en gang, for at ingen varslet om
at du hadde forsvunnet.
( …)
s. 28
Den manglande stadfestinga av dei forsvunne kroppane har, i tillegg til at dei heimsøker dei etterlatne, ei juridisk side:
De sier at uten kropp fins ingen forbrytelse.
Jeg sier at uten kropp fins ingen hvile, ingen
mulig fred for dette hjertet.
Ikke for noen.
s. 30
I botn av teksten ligg Sofokles’ tragedie Antigone. Parallellane er openberre, for der Antigone freistar å trasse kong Kreons forbod mot å gravleggje den drepne broren Polyneikes, så er Uribes Antígona på leiting etter den forsvunne kroppen til broren Tadeo. Men det finst også avvik: Der Sofokles’ tragedie utspelar seg blant eliten og Antigones gjerningar er eit soloprosjekt, agerer Uribes Antígona som eit kollektiv. Uribes Antígona trassar ikkje loven slik som Sofokles’ Antigone, rett og slett fordi loven ikkje finst.
I Latin-Amerika har Antigone-skikkelsen vorte tolka i nye litterære verk som etterkvart har blitt til ein eigen litterær tradisjon. Uribe-teksten refererer ope til fleire av dei latinamerikanske Antigone-tekstane.
Også Harold Pinters dikt frå 1997, «Death (Births and Deaths Registration Act 1953)» vert sitert, resirkulert og gitt ny funksjon i den siste av bokas tre avdelingar. Pinter skreiv diktet etter farens død og kan lesast i ein biografisk samanheng. Konstellasjonen av versa, også konteksten, er endra i Uribes versjon: Kvart vers i diktet står i versalar på ei side for seg sjølv. Under kvart vers finst eit tillegg i kursivskrift:
HVOR BLE DEN DØDE KROPPEN FUNNET?
Synes du det er normalt at en buss forsvinner og
de døde passasjerene dukker opp i massegraver?
s. 84
HVEM FANT DEN DØDE KROPPEN?
Eller at det hver dag dukker opp lemlestede kropper
i hver eneste småby, og at verken myndighetene
eller pressen sier noe?
s. 85
VAR DEN DØDE KROPPEN
DØD DA DEN BLE FUNNET?
Moren min døde av rein sorg. Hun tok det veldig
tungt. Hun forlot oss utan å ha fått sett ham igjen.
s. 86
HVORDAN BLE DEN DØDE KROPPEN FUNNET?
Vi ønsker å finne ham, selv om han er død. Vi er nødt
til å begrave ham, legge ned blomster, be en bønn.
s. 87
Dokumentarisme aleine er utilstrekkeleg fordi kjeldesituasjonen i dette tilfellet er spesiell, få journalistar undersøkjer fakta, myndigheitene trenerer og neglisjerer sakene, ein ville stå att med ein dokumentarisme med tomme og fråverande kjelder. Antígona González er dokumentarisk i den forstand at den lengtar etter å fylle teksten med fysiske kroppar, namn og stad. Ein kan gjerne seie at dokumentarismen kompletterer den manglande realismen i poesien, men poesien gjev på si side tyngd til verknaden av det forsvunne, til fråværet av det tapte, og nett slik verkar dokumentarismen og det lyriske saman i denne boka. Sjølv tenkjer eg at teksten, som opphavleg vart tinga og skriven som ein monologisk scenetekst, er eit lyrisk essay. Ein kan fint lese tekstane som enkeltdikt. Framfor alt er Antígona González eit vitnemål.
Teksten er full av gjentakingar: Sofokles’ Antigone vert gjenteke, Pinters dikt er sjølv spekka av gjentakingar, sitatet er ei gjentaking, vitnemåla gjentek ved å rekonstruere, fleire vitnesbyrd liknar kvarandre og gjentek på sett og vis kvarandre – og Uribes tekst stammar fram gjentakingar. Historia gjentek seg. Gjentakinga er frammaningas, sorgas og desperasjonens figur, men fordi gjentakinga peikar på opphavet og slutten, er den difor også håpefull. På ei anna side klarer skrivehandlinga aldri å realisere den materialiteten den heile tida strekkjer seg mot og freistar omfamna. Tvert om opnar og vidar skrivinga ut kløfta mellom det fråverande på eine sida, og det etterlengta objektet på den andre.
Ikkje berre å gi røyst til, men også å krevje at røysta får namn, identitet, kropp, ro og kvile, er eit vesentleg tildriv hos Antígona. Tilhøvet mellom namn og namneberar(ar) er ikkje eintydig i teksten, for Antígona er i fleirtal og påkallar mange antigonar, den greske, men også ei rekkje frå den latinamerikanske litteraturen. Antígona – også tekstens eg – representerer eit kollektiv med ei identifiserbar felles erfaring. Antígona vert til eit eponym for sorga over det forsvunne: «:Hvem er Antígona González og hva skal vi gjøre / med alle antigonene? // : Jeg ville ikke være en antigone // men det var min tur.». Når teksten er så nøye med eksakt å identifisere koplingane mellom Sofokles’ Antigone og Uribes Antígona González, kan ein sjå det som ei gjentaking av tekstens eige strev med å gi namn og identitet til det forsvunne, bryte teiingas maktfulle segl, grave opp lika for å grave dei ned – for å gi dei og seg sjølv ro og kvile.
( …
Jeg visste at Tamaulipas var Teben
og Kreon denne stillheten som kneblet alt. )
s. 71
Tadeo er spansk for det bibelske namnet Taddeus med gresk og arameisk opphav. Namnet tyder «hjarte». Judas Taddeus var ein av Jesus’ tolv disiplar. Judas Taddeus har vorte gløymt dels fordi namnet hans kunne forvekslast med Judas Iskariot, dels fordi han var ein nokså anonym disippel i evangelia.
Samanhengane Sara Uribes tekst står i, er ikkje opplagt for meg eller for ein norsk lesar. Uribes tekst har resonans i ei røynd eg ikkje har erfart. Teksten høyrer heime i ein mexicansk og latinamerikansk tradisjon. Korleis teksten fungerer i ein norsk samanheng – fattar ein rekkevidda sidan teksten så uttrykkeleg strekkjer seg mot ei spesifikk ytre verd – er eit ope spørsmål.
Uansett kva ein måtte meine, gir teksten eit bevegande og opprørande innblikk i denne røynda. Dessutan syner teksten til ein ikkje-estetiserande litterær strategi med overføringsverdi – korleis dokumentarisk materiale, litterære tradisjonstekstar, fiktive og poetiske element vert strukturert og får ny tyding som politisk litteratur. Så bør ein ikkje gløyme at drapa og forsvinningane inngår i ein økonomisk sirkulasjon. Lån, tap og det å krevje tilbake er omgrep frå økonomien som teksten speglar, i form av sitat (lån), drap og forsvinning (tap) og det å krevje tilbake (kroppane).
Apropos politisk litteratur: Her er eit påfallande fråvær av meiningsagitasjon og oppmodingar til straff, gjengjelding og krav om moralsk ransaking hos dei skuldige, ja, i det heile er underskotet på valdsskildringar markert. Men slik er teksten modulert – den er stille, ikkje rabiat; dermed veks også tekstens trykk og verknad. Kjernen i Sofokles’ Antigone er, slik eg les stykket, også kjernen i Uribes Antígona González: «Jeg skaptes til å dele ømhet, ikke hat». Ømheit er forresten eit litt rart ord, det kan brukast både om smerte og kjærleik. Teksten til Sara Uribe spring ut or og peikar attende på verkelegheita. Spørsmåla, som det er mange av i Antígona González, vender seg til kvar og ein av oss, slik også bokas siste setning gjer: «Vil du hjelpe denne hånd å løfte ham?».