TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

122. utgåve     |    19. september 2024    |     BOKMELDING

Poesien i minna, undringa og refleksjonen

Grethe Fatima Syéd skriv i dikta fram ei forteljing og eit vakkert, ømt bilde av faren, samstundes som ho, utan å trenga seg på, synleggjer eit elles uhamseleg omfattande sakskompleks i si tid, med historias største, pågåande folkevandring – og ei omfattande eg-fiksert identitetsforvirring.

AV JAN ASKELUND

DIKT

Grethe Fatima Syéd

Og så vi med våre mangonyrer

149 sider

Solum Bokvennen 2024.

LYTT TIL BOKMELDINGA

Poesien i minna, undringa og refleksjonen

Grethe Fatima Syéd skriv i dikta fram ei forteljing og eit vakkert, ømt bilde av faren, samstundes som ho, utan å trenga seg på, synleggjer eit elles uhamseleg omfattande sakskompleks i si tid, med historias største, pågåande folkevandring – og ei omfattande eg-fiksert identitetsforvirring.

DIKT

Grethe Fatima Syéd

Og så vi med våre mangonyrer

149 sider

Solum Bokvennen 2024.

AV JAN ASKELUND

Det lyriske eg-et i Og så vi med våre mangonyrer – som elles må vera diktaren sjølv, nyttar fleire sider på å samla nokre få innleiingsord til ei einaste førstelinje på side 9, slik:

At du døde gikk greit, jeg var forberedt

Den avlidne er faren. Dottera minnest, der ho etterpå nyttar endå tre sider til dei orda eg her skriv saman, slik:

Den siste dagen vi var ute, brettet vi et pledd

Det var vår da, det var grønt

Et grønt pledd i den gule solen

Han var lykkelig. Kanskje bare akkurat da

etter at legen hadde slått fast det motsatte

og leggene ble strammere for hver eneste dag

 

Jeg var lykkelig også. For tiden som spisset seg mot det som skulle skje

Det var vår, vi hadde et grønt pledd når vi var ute

på plassen mellom blokkene

 

Vi brettet og brettet

Benkene var fortsatt kalde i setet

 

når vi satte oss med pleddet som en gave mellom oss

i solen

I det som så skal utvikla seg til ei etter måten omfangsrik diktsamling på halvtanna hundre sider i åtte avdelingar, maktar Syéd ikkje bare å skildra den nyss avlidne mannen som far, ein mann fødd i 1934 og frå ein annan del av verda (India), koss livet hadde arta seg for han, koss han sjølv arta seg og blei sett av andre, koss forholdet mellom dei to var, slik ho såg han og hugsar det: Det faldar seg også ut i dikt-egets eiga større sjølvforståing, i tankar om det livslange eksilet hans sidan han trefte den norske mor hennar. Og det faldar seg etter kvart ut i like enkle som djupttrengande spørsmål og erkjenningar om kven ho sjølv er, om det vi plar kalla kulturskilnader, om sed og skikk. Og om personlegdom.

Det er alt saman gjort med få og enkle ord. Lesaren dannar seg etter kvart eit bilde av den hardtarbeidande indiske sjømannen som etter offisersutdanning i England gjekk i land i Norge og kledde seg i kjeledress til mange tiårs trugent arbeid her. Og lesaren fornemmer koss den stillfarne, milde, lågmælte faren har hatt det og vore – i det vanskelege landet vi kallar Eksil, i heller uframkomeleg ukjent miljø og terreng mellom seg, norsk familie og lokalt samfunn.

Dottera, det lyriske eg-et som nå fører ordet i Og så vi med våre mangonyrer, og som styrer kjenslene, opplevingane, hendingane og refleksjonane, registrerer for eigen del

At du døde er én sak

At du fortsetter å være det

en annen

Sånn sett er du fremdeles døende

 – og sånn sett vil han ikkje nokon gong døy så lenge ho sjølv lever. Mot slutten av sine dagar mista faren, denne mannen som «verdsatte punktlighet, formalitet og orden», og som skifta klede bare han skulle i butikken – men framleis er mild, omgjengeleg og takksam, han mista taket på seg sjølv, på kropp og åtferd, på språket. Og då fjern slekt og familiemedlemmer som dottera snautt nok visste fanst gir seg til kjenne og også set fram ønske om koss faren skal minnast og handsamast i døden, må ho forhalda seg til ukjende skyldfolk, religiøse førestellingar og ritual.

Og til seg sjølv:

Hvis jeg er halvt indisk, kan jeg ikke være helt norsk

tenkjer ho på side 113, denne kvinna som her undrast over faren og seg sjølv, som poetisk arbeider for å bli betre kjent med dei begge: «Eller er du til og med for beskjeden til å opptre i drømmene mine», som ho spør på side 33. Om seg sjølv seier ho at «Mitt utenforskap var sånn satt sammen at det ikke passet inn i / utenforskapet engang.» (side 100)

Når eg her hentar og set saman tekstdøme frå skiftande stader i samlinga, er det fordi boka sjølv er så nennsamt konstruert som ho er: Gjennom dei åtte vekslande avdelingane, som rett nok – om ikkje strengt kronologisk – utviklar seg over tid, skriv Grethe Fatima Syéd i eit nøysamt og beherska språk fram eit lyrisk forløp. Stilen er varleg og sparsam, og metaforikken ligg helst uuttalt i sjølve språket (eit unnatak er tittelens «mangonyrer», med mangoen som verdas mest etne frukt og India som opphavsland).

Slik skriv Syéd fram ei forteljing, eit vakkert og ømt bilde av ein fin mann, samstundes som ho stillfarande og utan å trenga seg på synleggjer eit elles uhamsleg omfattande sakskompleks i si tid, med historias største, pågåande, folkevandring – og ei omfattande eg-fiksert identitetsforvirring, kunne vi legga til.

Og så vi med våre mangonyrer er elles ein visuell fryd, ei vakker bok, ei trykksak med puste-, tanke- og kjensleplass på sidene. Bruken av enjambement (versbindinga) er også ein fryd.

JAN ASKELUND (f. 1940), kritikar, forfattar.   

Start video