116. utgåve | 20. juni 2024 | BOKMELDING
Göran Sonnevi set saman dei mest grusame hendingar ute i verda med det vakre som omgir oss i naturen, slik at «kontrapunkt» i tittelen viser til korleis mange ulike inntrykk er til stades samstundes.
DIKT
Där allt är kontrapunkt tid
Göran Sonnevi
175 s.
Albert Bonniers Förlag 2024
AV HELGE TORVUND
Den finske poeten Pentti Saarikoski skreiv i si prosabok «Angeläget eller ej» om dikta til Göran Sonnevi: «Av Sonnevi sine dikt får ein det inntrykket at han ikkje skriv dikt, men utfører eit arbeid som det ikkje eksisterer noko namn på, det er eit stadig pågåande slit og strev, han byggjer ein smal og slingrande skogsveg, den lokkar og den er fin å gå på, men så, heilt plutseleg, sluttar den og vert verande ufullført. Den held fram utan avbrot og fører ingen stad hen.» Saarikoski var då i ferd med å gjendikta eitt av Sonnevi sine dikt. Det Saarikoski skreiv, er gyldig framleis. Göran Sonnevi debuterte i 1961 med diktsamlinga med den karakteristiske tittelen «Outfört», og har bak seg over tjue diktsamlingar med titlar som «Det oavslutade språket», «Det omöjliga», «Oavslutade dikter» og «Bok utan namn». Det er ikkje lett å påvisa ei klar og tydeleg utvikling gjennom åra, og han har ofte med dikt frå ulike tidsperiodar i ei og same samling. Slik er det òg i årets bok. Her kan ein finna dikt frå 1964 og det følgjande som er skrive i 1983, tre år etter at Saarikoski hadde skrive om diktinga hans:
AUGUST 1983
Pentti ligg døyande
i Finland
ringde Mia og fortalde
derifrå Har allereie
vore hjartedød ein gong
og hovudet
er ikkje lenger Saarikoski sitt
Skrumplever, blør
frå alle opningar, har nå lege
der i sju døgn
med slangar
som ein liten gutt,
Pentti skulle helsa til deg,
sa Mia Hels til
han, sa eg
Denne boka er som fleire av hans tidlegare, sett saman av meir eller mindre korte dikt med korte linjer, som i «August 1983» i noko me med eit paradoks kunne kalla ei klassisk modernistisk diktform. Nokre av desse dikta er svært korte, bare ei, to eller fire linjer. I tillegg finst det lange dagbokliknande og reflekterande dikt, der forma er heilt Sonnevi si eiga. I staden for punktum nyttar han ein viss avstand mellom der ein setning sluttar og der ein ny byrjar med stor bokstav. Desse dikta handlar svært mykje om krigen i Ukraina og andre dagsaktuelle hendingar, som Sverige sitt medlemskap i Nato. Men her fortel òg Sonnevi om kva han og kona gjer, kvar dei reiser, kven dei vitjar, graver dei ser til, bygg dei passerer, kva dei diskuterer, kva han ser på TV og kva han les, musikk han lyttar til og ikkje minst er her stadig mange observasjonar av fugleliv, sommarfuglar og blomar. På denne måten er det heile tida slik at dei mest grusame hendingar ute i verda vert sett saman med det vakre som omgir oss i naturen, slik at «kontrapunkt» i tittelen viser til korleis mange ulike inntrykk er til stades samstundes. Ved å la dette skje, skapar Sonnevi eit samansett og spenningsfylt bilete av dei vilkåra me lever under. Samansetjinga av ulike element skjer med flytande overgangar slik som her:
Lerkene stig, på sin pålar av song, høgare enn fyrtårnet
Bygd av Gustav III, 1785
Det lengste av dikta i dette formatet er «Etthundra dagar» som er på heile 34 sider. Tittelen spelar på at det er dei hundre første dagane av krigen i Ukraina. Der dei korte dikta ofte er enormt fortetta og presise, gjerne med dystre eksistensielle bilete, eller vakre kjærleiksfulle observasjonar som dette:
Ditt ansikt Når du
har sett opp håret
i nakken Noko
skjørt, spinkelt i
nakken
i haka si linje Eit
fugleansikt, mjukt
Kyste den
lauslatne nakken
Men i dei lange bølgjande dikta, er det rom for tvil. Og ofte svarar Sonnevi sjølv på sine kompliserte spørsmål, at han veit ikkje. Det er noko frigjerande ope over denne ærlegdommen frå ein mann som er i sitt 83dje år når han skriv dette. Men alt Sonnevi skriv krev ein intens konsentrasjon av lesaren. Nokre av dei korte dikta kan vera krevjande og utfordrande, då store og abstrakte ord som uendeleg, dimensjonshinner, det tagale og skuggen av inkje vert kvervla saman på få linjer som er opne for mange ulike tolkingar.
Men andre gonger kan det vera konkrete minne som står i samanheng med dagens situasjon, som dette:
Eg hugsar tilfluktsromsøvingar
og ein kveld
då eg vart overlaten til meg sjølv heime
bak blendingsgardina
og mine foreldre fór forbi
utanfor på gata
Det var mørkt i romma og eg
kikka ut gjennom ei sprekke
på byen der alle lys og vindauge var sløkte
Det er underleg å lesa Sonnevi sine oppsummeringar og kommentarar til hendingane i krigen som alt kjennest historiske og langt borte, og samstundes er del av ein pågåande konflikt, så nær, men der Gaza ikkje ennå har kome inn i heilskapsbiletet. Og det gjer sterkt inntrykk når dette ekteparet som har passert åtti år, snakkar om kva dei skal gjera om bombene byrjar falla også i Sverige. «Vi går ut i skogen, seier eg».
Det er ei rik og samansett samling dikt Sonnevi har laga her. Ein kan venda tilbake til desse dikta og finna noko nytt der gong på gong. Ein poet som står midt i verda, og tek inn det forferdelege, det fortvilande i menneska sin situasjon, men som alltid òg har eit øyra for musikken, eit auga for det vakre i sommarfuglvengene og som stadig vender attende til noko grunnleggjande viktig i relasjonane mellom oss:
Der alt er
i forbindelse med alt anna
i si stillheit
Då høyrer du pusten min
Den er som tida
Den er kjærleikens språk
tvers gjennom den ekstreme natta
Vi andar saman
Diktdøma og Saarikoski-sitatet er gjendikta av Helge Torvund for innlesing av bokmeldinga på Krabben si nettside.
HELGE TORVUND er poet. Han har arbeidd som psykolog og som hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Torvund har i ei årrekke vore lærar ved den digitale skriveverkstaden Diktkammeret.no. I tillegg til diktsamlingar har han publisert barnebøker, sakprosa, songtekstar og gjendiktingar.