99. utgåve | 22. februar 2024 | BOKMELDING
Heile tida forankrar Erlend Skjetne dikta i sanselege bilete som skapar ein naudsynt balanse til syn og guddom, draumevin, død og myte.
DIKT
Erlend Skjetne
Liv, eg har drukke
92 s.
Flamme Forlag 2024
AV HELGE TORVUND
Eg byrja lesa Olav Nygard som svært ung diktarspire og eg las noko seinare dikta hans høgt for folk som Håvard Rem og Kurt Narvesen i min bustad i Schweigaardsgate for ein mannsalder sidan, medan eg la vekt på at det var like før dei vakre linjene betydde noko. Men eg hadde ikkje drøymt om at det skulle koma to nyskapte norske diktsamlingar i 2024 av relativt unge poetar, begge med fornamnet Erlend, som på sitt heilt eige vis, hyllar Nygard 100 år etter at han døydde. At Arne Garborg sette pris på Nygard og at Olav H. Hauge stadig skreiv om Nygard i dagbøkene sine, er ein ting. At Erlend O. Nødtvedt gir ut sine syngjande dikt om Olav Nygards seng og Erlend Skjetne kjem med Liv, eg har drukke er oppsiktsvekkande gildt!
Her skal eg ta for meg den sistnemnde. Ei bok eg merker eg må gje tid og rom. Desse sidene er dikta ut frå mange ulike innfallsvinklar til hovudtemaet Olav Nygard, slik det må bli om ein samstundes skal vera den poeten ein er og skriva slik ein må og kan. Dikta kjennest altså ikkje veldig vilja og einsretta eller konstruerte, men tvert om levande, bevegelege og varierte. Men dei er på sitt vis krevjande. Ein ting er at Skjetne nyttar ein del arkaiske ord, i Nygards ånd. Det er ikkje noko problem, for ein kan bare slå opp i den rikhaldige ordlista bak i boka med Nygards Dikt i samling, Norsk Bokreidingslag, 1984 eller 2004.
Nei, det er meir dette at dikta krev di fulle og heile merksemd, og slik eg så ofte opplever det med dikt, krev dei òg ein open og velvillig lesetilstand. Om ein les mange av dikta etter kvarandre, er det som om det suggererande og syngjande går sine eigne vegar, og totaliteten i diktet vert liksom litt vagare når merksemda er for mykje retta mot lyd og klang. Eg oppfattar ikkje dette som nokon veikskap ved dikta, men meir som eit signal om å lesa sakte og å lesa litt om gongen. Noko ingen har vondt av.
Erlend Skjetne fortel greitt om sin metode bak i boka: «Eg har skrive ut ifrå dei av Nygards verseliner eg liker best, anten det er på grunn av meiningsinnhald, musikalitet eller einkvan uforklårleg venleik. Så har orda gått sine eigne vegar, ofte på eit slikt vis at det opphavlege sitatet har vorte endra eller har forsvunne heilt i skrivearbeidet. Nokre Nygard-strofer står som direkte sitat åleine på boksider. Nokre formuleringar er henta frå sekundærlitteraturen om han, nokre motiv frå livssoga hans.»
Dette fører då til at dikta har ei svært vid og open ramme, her har mykje ulikt kome med, og eg har ikkje funne det naudsynt å analysera alt mogleg for å finna ut nøyaktig kva som knyter diktet til Nygard. Eg les dikta kvar for seg, og opplever at dei dannar ein heilskap som er som eit prisme.
Du nærmar deg det same frå ulike vinklar og ting ser då ulike ut ettersom du endrar synspunkt eller innfallsvinkel.
Når diktsamlinga opnar med følgjande linje: «Eg er her for å møte ei ungdomsforelsking», kan diktet som følgjer vera ope for at dette tyder at han skriv om då han som ung var forelska i ei jente, men det kan òg vera ei skildring av hans møte med Erato, gudinna som personifiserer inspirasjonen til lyrisk dikting og diktargåva. Her står:
Ho liknar ingen annan, må vita.
Ho gøymer seg kan hende der borte no, attom lauvhenget.
Ei lita rasling er nok, som av ei flyktande rype,
eller eit glimt av vatn, liljeleikande.
Noko eg kan syngje.
Og til slutt kan dette òg rett og slett dreia seg om forelskinga poeten opplevde i møtet med Olav Nygard si dikting.
I det heile les eg denne samlinga som ei mangetydig og assosiasjonsvekkjande bok, der det konkrete glir over i litteraturens og fantasiens verd. Der samanhengen mellom desse ulike områda vart understreka, meir enn at skilja vert påvist.
Bøker born av bøker, hender born av hender,
og kjensla av ein stein i ei hand i ei bok
i ei hand.
Jo meir tid eg har bruka til å famna inn desse svært ulike dikta, jo meir stig samanhengen og mangfaldet fram. Ei forunderleg bok der poeten vågar både sprang og brot, men der desse tinga, nærast som vatnet i ein fjellbekk, som tonane i ei folkevise, likevel finn saman og held heilskapen oppe.
«Kjenn angen av ein tidleg dag i verda – » med desse igangsetjande orda startar Skjetne eit av dikta. Og her er dikt som peikar heilt attende til skapinga av verda.
Ja visst sa ei røyst at frukta er forboden.
Men treet tala sitt eige språk, og skalet
skein i fine nyansar, og myriaden av kryp
som regjerer i kvart sitt djupgrøne mikrokosmos,
samla dei lokkande signala sine
til ein uhøyrd song.
Men like brått kan diktaren skildra det destruktive i oss, i alt:
Falle inn i orda dine
som utfor ein skrent
Også tålmodet får sin song her. Mellom anna i eit dikt om sikaden som ventar i sytten år nede i moldjorda før den kjem fram og spelar og parar seg. Store rørsler i små vesen. Språk og spel og venting og vers. Eg vert løfta og inspirert av så mange av desse gjennomarbeidde linjene og merker ei skapande kraft som faldar seg ut og famnar kring murar og grenser og skapar noko nytt av det gamle. Dikta er opne mot fortid og framtid og er ikkje redde for den dirrande ungdomsforelskinga i alt som ennå ikkje …
Her er skildringar av naturkrefter som lever seg ut utanfor menneska sine liv. Fjell som vert til. Frost og flaum, vind og væte. Og her er dikt om ein spelemann.
Heile tida forankrar Erlend Skjetne dikta i konkrete og sanselege bilete som skapar ein naudsynt balanse til syn og guddom, draumevin, død og myte. Og i slikt selskap spelar desse ulike elementa på kvarandre, slik at alt får eit ekstra lag med meiningsberande fylde.
På ein liten dam av smeltevatn,
på sletta mellom den gamle
og nye motorvegen,
rastar svanene.
Her er bibelske vendingar, rim i endingar, og svært fortetta blandingar som alt det som finst i denne eine linja: «Tre spadetak matjord lærer deg lysversa.»
Kvasarar, galaksar, klotar svevar over vandrefalken og istappen under takrenna.
Dei store og romlege perspektiva er med på å senka lesefarten og opna for tanken si flukt.
Ikkje mange poetar kan halda ein så høg konsentrasjon på det same nivået over tid. Og her og der kan noko gå litt meir, ja, om ikkje nett på tomgang, så litt av seg sjølv, halda fram der inspirasjonen alt har veikna. Orda er ikkje så forelska i verda lenger. Lesaren kan trekkja pusten.
Du har vrengt dei siste orda ut or språket,
opna vindauga og sleppt
strofene ifrå deg.
Men det dominerande i denne samlinga er det som tek tak i ein, som kan setja ein ut og få ein til å sjå på det nye med eit gamalt blikk, og kikka om att på det gamle med nye augo. «Sevjedropedikt», «sekundpresise ravinsektnotar». Kor fylte er ikkje desse samansette orda av menneskeerfaring og levd liv! Aksepterer ein denne språkbruken og klangen og rytmen, får ein eit fang med meining samstundes.
HELGE TORVUND er poet. Han har arbeidd som psykolog og som hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Torvund har i ei årrekke vore lærar ved den digitale skriveverkstaden Diktkammeret.no. I tillegg til diktsamlingar har han publisert barnebøker, sakprosa, songtekstar og gjendiktingar.