38. utgåve | 1. september 2022 | BOKMELDING
Den nye antologien med dikt frå Paolo Febbraro er ikkje bygd på ein enkel kronologi, men derimot på seksjonar som samlar diktarkritikarens bibliotek. Det er faktisk som om diktaren ønskjer å teste tekstane sine mot tida, blande korta igjen, for å stadfeste gyldigheita til dei uavhengig av erfaringa.
DIKT
Paolo Febbraro
Come sempre (Som alltid)
Eliot Edizioni 2022
AV STEFANO MODEO
I ei samling med essays og intervensjonar, med tittelen Poesi i ein kritisk tilstand (Poesia allo stato critico, Inschiboleth 2021), skriv Paolo Febbraro (f.1965) om ansvaret poesikritikaren har:
«Han veit at han aldri vil klare å erobre inspirasjonens borg heilt og fullt, og likevel må han freiste å forstå oppgåva. Det er som når ein byplanleggjar teiknar sentrum der folk bur: gater og bygningar er i ein gjensidig posisjon, og arkitekten må kunne forstå nokre av dei retningane innbyggjarane vil reise i, korleis tilhøvet mellom dei vil vere.»
Kanskje er det i denne forstand at «byplanleggjaren» Febbraro har opna vegen for at me kan reise gjennom borga hans, bygd mellom 1992 og 2022, og nett utgjeve av forlaget Elliot Edizioni med tittelen Som alltid (Come sempre). Antologien opnar med eit av dei mest kjende dikta av poeten frå Roma: «Vitneutsagn» (Deposizione), der ei verd, eller diktet sjølv, som ikkje lenger eksisterer nok ein gong, «vitnar» og «vert ført i protokollen».
Eg likar å tru at dette diktet, plassert i byrjinga på reisa gjennom Febbraros verk, i staden er den n-te provokasjonen frå ein diktar som alltid har erklært seg ute av tida, som del av ei utdøydd verd eller i eksil. Men i røynda er han blant dei få som freistar vise, som alltid, sitt absolutte engasjement for tinga i verda, for notida og fortida.
Det er inga tilfeldigheit at eg ønskte å byrje i desse linene med å heve fram rom- og tidsdimensjonen. Bokborga til Febbraro er, kanskje uventa, ikkje bygd på ein enkel kronologi, men derimot – og dette er eit av dei mest interessante aspekta – på seksjonar som samlar diktarkritikarens bibliotek. Det er faktisk som om diktaren ønskjer å teste tekstane sine mot tida, blande korta igjen, for å stadfeste gyldigheita til dei uavhengig av erfaringa. Me tar difor utgangspunkt i den «Første boka – Tid med henne», ei felles tid. Dette er kjærleiksdikt der kroppen til kona vert spegel og tidsmål som skrid ubønhøyrleg fram, der kvardagen og repetisjonen vert eit grep for å takle eiga dødelegheit:
Om morgonen ber du meg om å vere lik
kvelden før
for å unngå lagnaden, bed du meg om
ikkje å ha elska
og ikkje å ha forlate deg,
om alltid å ha vore gift med deg.
Du søv framleis og spør meg
om å bli og akkurat fylle
mi plass i senga,
å forsvinne i teikninga mi,
om ikkje som vaksen å tru
på tidas inngangsbønn
I den andre boka, «For natur» (Per natura), antyder preposisjonen ‘for’ ei tilbøyelegheit, ei spontan opning mot verda: årstidene, havet, markene, vinden, insekta. Faktisk er ‘tilbøyelegheit’ eit ord som skal forståast i Lukrets forstand, som eit klinamen som bøyer atoma frå deira frie fall og samlar dei til kroppar: alt finst i kraft av ei tilbøyelegheit. I denne seksjonen lyttar ein, eller rettare, blir sett i forbindelse med og deltar i det levande. Her avslører Febbraro ei stor evne til å levere skarpe og presise bilete:
Frå naturen til illusjonen er steget, nett som på Leopardis vis, kort. Faktisk har den fjerde boka tittelen «Sanne illusjonar» (Illusioni vere) og set søkjelyset på mennesket sjølv og menneskets konstruksjonar, kanskje også kva det poetiske språket kan generere ved analogi, musikalitet og transfigurasjonar. I denne delen er det ingen mangel på overtru; Gud, Roma, klokkene, torga. I Febbraros poesi er bruken av hermeteikn, for å få alle karakterane til å snakke, typisk. Dette grepet dukkar opp att i den femte og sjette boka, i «Historisk roman» (Romanzo storico) og «Den misforståtte røysta» (La voce fraintesa). Der snakkar hovudsakleg ein serie bibelske og litterære karakterar som diktaren morar seg med å bryte ned til hendingar og karakteristikkar, mens han går att og fram på tidslina og nærmast vevar ein dialog med dei store namna i litteraturhistoria: Adam, Judas, Kain, Lucifer, Gud, Cavalcanti, Joyce, Paolo Malatesta. Poeten er ikkje redd for å handtere dei, å omskrive og ta dei i nye retningar. På dette viset er tilhøvet til den litterære tradisjonen grunnleggjande, ikkje for å heilaggjere den, men tvert om for å gi kontinuitet til ein diskurs i lys av samtida. Febbraro har aldri brydd seg om å vere ny, for det er betre å bringe fram det som har vore levande frå tidenes morgon – som alltid – gjennom det merkverdige kreative spelet som poesi er. Og berre for denne vedvarande ærlegdomen, syner han seg å vere ein av våre beste poetar.
Vitneutsegn
«Eg vitnar, set språk til det
som eingong blei sunge for spegelen,
våren var sein eller sjuk,
kvinnene kjøpte med hjarta.
Natt, solnedgang og kveld
sto for døden, kjærleiken
var symptom på dagen, og blindheit.
Frå havet bekrefta eg den moderlege vondskapen,
den fåmælte folden i treet.
Etter å ha sett og godkjend kva som var lov her,
gret eg, gløymer det og legg det i urna.»
Røysta sa:
«Eg er den som tok vekk
forstanden til Kant
og auga til Homer.
Det var eg som ønskte at trekka til Hamlets far
skulle vere usikre,
eg er den uansvarlege feberen
som tok Aleksander,
den lykkelege draumen som sleppte Attila laus
og det vende blikket
som forrådde Orfeus.
Eg viska kampplanane til vinnaren av Waterloo,
plaga Leonardo
med dei sprøaste kjærleikane.
Med eldbluss
mista eg
hundreår med ord
i mørket i Aleksandria,
eg sprang langs dei trettitre knivblada
som raude og berømte
ville Idus Martiae.
Av misunning opererte eg
med kald intelligens.
No stikk eg
til ein stad korkje svart eller kvit
skjerma frå ei kvar lukt
og frå kvar ein tanke.»
«Demon, hoggorm, slange,
svak elskar av ingenting:
ugjenkalleleg gløymsle
vert gjeve deg, forrædar.»
«Ikkje kall meg djevel,
menneske. Eg er Gud.»
STEFANO MODEO (f.1990, Taronto), bur og arbeider som lærar i Treviso. Debuterte med La terra del Rimorso (Angerens land) i 2018. Har publisert dikt i ulike tidsskift, til dømes Nuovi Argomenti, L’Ulisse og poesibloggen til Corriere della Sera. Han er representert i antologien Abitare la parola – Poeti nati negli anni ’90 (Å bu i ordet – poetar fødde på 90-talet). I tillegg er han en del av redaksjonen i tidsskriftet Atelier og i bloggtidsskriftet Universo poesia – Strisciarossa. Skriv litteraturkritikk for ulike tidsskrift.
Sindre Ekrheim har omsett teksten og dikta frå italiensk til norsk.