33. utgåve | 2. juni 2022 | BOKMELDING
Dikta i Avhandling om snøskred kan ein betrakte som skredformasjonar, i eine augeblikket balanserer dei i likevekt, for deretter å rase ut og blande saman språket i ein ny meiningsgivande orden.
DIKT
Tilde Strand Bogen
Avhandling om snøskred
70 s.
Aschehoug forlag 2022
AV SINDRE EKRHEIM
Det lyriske eget i Tilde Strand Bogens debutsamling Avhandling om snøskred oppheld seg i den bergenske geografien, skildrar rommet det bur på og nemner stadar i byen. Me høyrer om venner, korleis eget registrerer det kvardagslege, regnet, kroppskjensler og om fortida med minneglimt frå slekta frå Oppdal. Kort sagt vert ulike prosessar registrert og betrakta. Med snørasets langsame oppbygning og utløysing som grunnhorisont i diktboka, kan til og med skrukketrolla få skjer av noko illevarslande:
hegrene betyr noe, jeg vet ikke hva
fra ingenting kommer ingenting
de tusen skrukketrollene som er våkne og vandrer om natten
hvorfor er det ingen som legger merke til dem
(s. 35)
Den nitide sanse-, observasjons- og registreringsmanien som eget demonstrerer, botnar kanskje i medvitet om at den minimale endringa til slutt når vippepunktet, the point of no return, og gjer at alt tippar.
Kletthammarskredet, snøskredet som gjekk i Oppdal i 1868 og kravde livet til 32 menneske, er rekna som eit av dei største dokumenterte snøskreda i Noreg. Kletthammarskredet er ein referanse og eit omdreiingspunkt i debutsamlinga Avhandling om snøskred. Ikkje at Kletthammarskredet tek så stor plass i teksten. Det at det store og omkalfatrande får skikkelse av det vesle og veksande, gjer at skredet verkar med ekstra trykk i dikta. Dei stadige dryppa og hinta fortel også noko om skredets motsetnadsfulle natur: Massane med snø som sakte byggjer seg opp frå ingenting. Millimeterforskuvinga som utløyser det valdsame og dødelege snøraset.
fra ingenting kan noe oppstå
rimet på vinduet vokser oppover og bortover
stille og sakte
en varm oktober og en kald september
en kveld gjorde kulden alle bladene gule
de dalte mot bakken
bare de grønne hang igjen
som om alle prosessene begynte og stanset på nytt
verden holder seg selv tilbake
det er sommer fremdeles
(s. 47)
Først lurer eg på om diktet glepp i logikken: for i femte lina står det at kulden gjorde «alle bladene gule», men i sjuande lina står det at «bare de grønne hang igjen». Konjunksjonen «og» som det er fire av i diktet, koplar saman ulikt og ulikt – og gjer tinga likare, medan forholdet mellom linene er av ein annan karakter: dei er brotliknande, ja, dei oppstår av ingenting, ikkje nødvendigvis av den føregåande, jamvel om dei også kan følgje kvarandre kausalt, kronologisk eller logisk.
Diktet sjonglerer med kronologien, årstidene, månadane – tidsrekkefølgja vert formeleg oppheva. Og det er usikkert om diktets notid vert presentert i siste line: «det er sommer fremdeles» eller i den andre lina, «rimet på vinduet vokser». Frost og sommar? Det rimar ikkje. Kan hende skjer her ei salig årstidssamanblanding – at årstidene vert kopla saman på nye måtar, eller at eget er komen i stuss over at det hen observerer ikkje stemmer med overleverte erfaringar. Diktet formeleg glir ut av sin eigen strame, føregitte presenskategori. Om den filosofisk-klingande lovformuleringa i den første lina, at «fra ingenting kan noe oppstå», skal ha verkekraft i diktet, må diktet kanskje bli sjåande ut slik. Sjølv om kronologi, logikk og kausalitet signaliserer at noko følgjer etter noko anna, beskriv omgrepa ulike fenomen: det er kulden som er årsaka og gjer «alle bladene gule». Det har ingenting med tidsfølgje eller språket (logikken) å gjere. Sjølv om diktet verkar abrupt, er tida ein fellesnemnar. Til liks med snøen som rasar, glir tida ut og frå kvarandre.
at et snøskred er en omfordeling
den løse snøen i den stekende solen
platene ligger lagvis, i flere ukers arbeid
alt faller sammen hele tiden
de begravde minnene blir synlige
snøskyer brer seg voldelig over husene
Andre dikt kan vere mindre flimrande fordi linene samlar seg kring ein situasjon, eitt sansande forlaup, eitt augeblikk. I eit dikt står til dømes det lyriske eget med andletet vendt opp og augo opne mot det pøsande regnet og sansar at kroppen, kleda, skoa og augevippene gradvis vert blautare, og kjenner at regnet veg noko, det har tyngd. Berre i dei siste to linene i denne diktsekvensen flyttar diktet seg frå den ytre kroppslege sansinga og over i noko anna: «regnet drar øyelokkene ned / jeg sovner, det regner rundt meg». Linjeforskuvingane, dei tilsynelatande abrupte forflyttingane frå det eine til det andre frå ei line til den neste, gjeld altså ikkje for alle dikta i boka. Men kan regnet vere årsak til at eget sovnar?
Dette sansande regndiktet står også i skredets horisont, som ein mindre sekvens i ein større diktsyklus som heiter Avhandling om snøskred: Og regnet er ein sekvens av vatnets krinslaup, av fordamping, nedbør, kulde, snø, utgliding og raset – sjølv om eget i dette diktet berre glir frå regnet og inn i søvnen og kan hende draumen, frå den ytre til den indre sansinga. Ja, ti sider seinare les eg eit draumedikt: «jeg drømmer at jeg kommer hjem».
Noko vert opna eller står stadig ope i desse dikta: skråtaksvindauget, dører, historia. For når tida glir ut, opnar tida seg, «de begravde minnene blir synlige». Når ein les at «Hippokrates står i hjørnet av rommet mitt», eller at det lyriske eget seier at «kroppen min er tre tusen år gammel», skjønar ein at kronologien har rakna, tida har glidd ut. Men den har også opna seg og blitt nærverande, slik «Arkhilokhos låner stemmen din når du leser diktene hans høyt».
Korleis forstå koplinga mellom linene i enkelte av dikta? Det avhandlingsaktige i diktboka kjem i drypp, i form av teseliknande utsegner spreidd ut i diktboka: «det som er, er det som må være», «det som er, kan brått endres», «det som er, har allereie vært». På overflata ber dikta minningar om den diskursive avhandlingssjargongen. Dei har også ein klårleik og presisjon i språket, men dei kan brått kople seg, eller av-kople seg, på anna vis. Slik bryt linene med kvarandre, dei er konstellasjonar og forlaup, dei utfaldar det sykliske og det lineære – og bryt seg av ved å gjere avbrotet og forstyrringa framtredande. Ordet konstellasjon kjem frå latin, ‘constellatio’, og tydar ‘med stjerne’, altså stjernebilete. Og lik stjernebileta kan ein også lese dikta som verskonstellasjonar. Dikta kan ein sjå òg på som skredformasjonar, som i eine augeblikket balanserer i likevekt, for deretter å rase og blande språkmeininga saman i ny (u)orden.
Vulkanutbrot, jordskjelv, flaum, storm og snøras er naturfenomen, til liks med fuglekvitter. Snøskredet skil seg frå fuglekvitteret ved at det siste ikkje har nokon kjend øydeleggjande verknad på menneska. Dei øydeleggjande naturfenomena er kanskje ein av grunnane til at mennesket ønskjer å herske over naturen. Men menneska herskar også over naturen for å utbytte den økonomisk, i ein slik grad at den økologiske likevekta vert skipla og fører oss nærmare vippepunktet. Så det finst også ein økologisk impuls i Avhandling om snøskred.
Tilde Strand Bogen har skrive ein mogen debut, prega av sanseleg og språkleg presisjon. I tillegg distribuerer dikta linene på ein måte som er produktiv og skapar ny meining.
Sindre Ekrheim (f. 1967) er poet, kritikar og redaktør for Krabben.