TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

48. utgåve     |     10. november 2022     |    BOKMELDING

Kvervlar i luft, vatn og blod

I Margrethe Aas’ Ur mor atter er det meir å lese enn kva ein ved eit første augekast innbiller seg. Dikta byggjer opp og dei river ned og dei manar fram ei kjensle som murrar av ubehag. Lydleg og rytmisk har dikta har noko for seg, med klangar som forplantar seg og med vekslinga mellom det langsame, oppjaga og avbrotet.

DIKT 

Margrethe Aas

Ur mor atter

89 s.

Tiden 2022

LYTT TIL BOKMELDINGA

AV SINDRE EKRHEIM

Somme diktbøker kan, sjølv om dei verkar å vere tilforlatelege og greie ved første augekast, trenge opptil fleire augekast, og til og med litt lesnad, for å opne seg i fullare breidd. Ein må lære dikta å kjenne. Og slik er det med Margrethe Aas’ tredje diktbok, Ur mor atter. Ja, ein kan gjerne seie at diktboka handlar om opplevinga av å føde og bli mor. Men ei lesing bør jo ikkje stoppe der, med byrjinga.

I Ur mor atter er verda både i ferd med å svinne og på veg til å skapast. Fødselen og døden blir halden saman i eit lyrisk eg som følgjer moras dødsleie og som sjølv blir mor. I og med moras død, går verda til grunne, men verda reiser seg «atter» i det nyfødde barnet: «og i andletet til barnet / dykjer andletet til mor opp». Og for barnet er verda i skaping, i ferd med å få skapnad gjennom barnets sanselege, søkande omgang med verda og kroppen.

Dei høgst motstridande erfaringane blir møtt og altså knytte saman i det lyriske eget. Fordi den døde moras andlet går att i barnets andlet, blir døden og utslettinga moderert. Underleg, og kan hende også litt uhyggeleg, at det som blir skapt og er nytt, samstundes blir betrakta som eit minne, over mora og om sjølve skapinga. Ei god innskrift på ei grav skal jo fungere nett på det viset: På eine sida heidrar innskrifta den som har gått bort, på andre sida opnar gravskrifta døra til dødsriket, gjer ein slags retur mogleg, ved å skape ei kjensle av eit sterkt, levande nærvær.

Diktboka til Margrethe Aas består av åtte nummererte bolkar. Den startar med ein unummerert del, i det ufødde og enno ikkje ferdig skapte. Den åttande og siste bolken er angitt av det som ser ut som eit åttetal vippa over på sida, altså teiknet for det uendelege. Teiknet har eit fint latinsk namn, leminiskat, frå latin lemniscus, som tydar sløyfe eller band. Som lesaren vil merke seg, vil ein treffe på variantar av bandet og sløyfa i laupet av desse dikta, i form av linja, strengen, stripa, snora, remsa, spilar, strålar, leidning, elvelaup, vasstraum, krumming, bøying, kveiling, vikle, spiral, kvervlar – ja, også ordet «filmrull» på side 36 kan setjast på kontoen for den krumma linja og det kvervlande. Og alle desse variantane av banda og sløyfene har sine mørkare, meir jordbundne, negative variantar: elvar, grøfter, kablar, drensrøyr, skåler og andre hól som ber bod om utholing. Oppramsinga her gir forresten eit noko forkjært bilete av dikta, dei nemnde orda spring ein ikkje rett i auga, merkbare, ja, men nokså nennsamt innlagde i dikta.

I den første, unummererte delen blir lesaren presentert for prenatale minne («eg hugsar eg var ei celle / som trengde inn i ei anna) og for bilete av eit naturlandskap der ei oppkomme står i sentrum: «or uuttømmelege kjelder / veltar ein varig straum vatn opp». Natur- og menneskeskapinga verkar å vere eitt. Seinare blir den skapande skrivinga biletlagd eller besjela. «Eg skriv: mor», ordet eller skrivinga vekker førestillingar til live som ikkje er vilkårslaust gode, om at eget når det «lyfter ordet til brystet for å få grep om det / kjenner det kveile seg om halsen / ormaktig». Det er sikkert mogleg å lese dikta, nesten allegorisk, i lys av den skapande skrivehandlinga, sjølv om berre to av dikta tangerer dette eksplisitt. I sitatet observerer ein iallfall at sløyfer og band lett kan forvandle seg til reiskapar for drastiske, destruktive handlingar. Trass i alle samanhengar dikta freistar finne feste i, blir det også gjennom diktboka skapt eit bilete av ei tosidig øydelegging: ei utholing av innsida og ei langsam nedbryting frå utsida. Om desse nedbrytande kreftene held fram å verke frå to kantar, står ein til slutt att med, ja, inkje. Slik kan ein biletleggje den opprivande erfaringa det er å vere ein fødande kropp.  

Det er ikkje så ofte dikta kjem i kontakt med det ein vil kalle det samfunnsmessige, for dei sansar stort sett kroppen, naturen, og gjerne i lys av kvarandre. Men ved moras dødsleie og gjennom dei minna som blir påkalla om henne, anar ein konturane av noko utanforliggjande, rudimentære peik om at det finst eit moderne samfunn ein eller annan stad, at det finst, men ikkje så mykje i diktboka, for det lyriske eget fell raskt attover i ein biletspiral beståande av sansa natur og kropp:

lyden av skritta som trillar ei seng

vatnet sender så mange refleksar imot meg

 

lausrivne sandkorn glidande

eg når ikkje inn

i botnfallet sine teikningar

 

eit stykke drivande ved

eg finst

fylt opp med vasshinner

 

ei stump brytning

av himmelkvelvinga

 

famlande i ein horisont av hav

På sett og vis insisterer dikta på ein samanheng, gjennom generasjonsvekslinga, det ævelege framhaldet. Samstundes finst dei «lausrivne sandkorna», eit lyrisk eg som ikkje når inn til «botnfallet sine teikningar», og slik finst det dikt i diktboka som bryt seg or den samanhengen dei sjølv frenetisk freistar føreskrive. Det kan vere eit minne der diktet kapslar seg inn i situasjonen det skildrar, utan å forlate den, for eksempel i diktet mora dekkjer på frukostbordet til seg sjølv kvelden i forvegen, heilt enkelt: «eit fat, ein kniv / ei kjensle av å vere venta». Det same kan seiast enda klårare om diktet om ulldotten, «sitjande fast / i eit gjerde», fortapt og skild frå kropp, opphav og språk. Så kan ein lese dei utskotne tekstane som teikn på at fødeerfaringa ikkje er så enkel som den var forventa å vere.

Som sagt, her finst mange ord som vekker førestillingar om liner, band, framhald, samanheng. Men tildrivet til å bøye eller bryte av finst og kan lett observerast i dikta. Ein kvervel eller malstraum teiknar ei krum line og oppstår når vatn går rundt seg sjølv, straumar rundt si eiga rotasjonsakse. Tidevatnet kan forårsake slike bevegelsar. Og når ei bølgje bryt, trekk ho inn luft slik at ei blandinga av luft og vatn rullar ned på framsida av bølgja i små kvervlar. Følgjande dikt startar med ei kvervlande rørsle, det lyriske eget rører i ein prosaisk substans, graut:  

eg rører i rugmjølsgrauten

seige drag mot klokka, mot hjartet

 

heller jordpigment i, blodraudt

og smørar det i tjukke drag

på den ru kledningen

 

eit reservoar av ein vegg

til å stille seg inntil, gape imot

 

skin av ulike nyansar

når sola rører seg over han

skjoldar av raudt pulserande

som festar hus og kropp i hop

til same kjøt

Etter kvart bevegar diktet seg ut or den kvardagslege, jordnære samanhengen. Strofe to minner om ei oppskrift, for her blir «jordpigment» blanda i. Så blir ein vegg måla i blodraud farge. Diktets siste strofe er ei skildring av den raude veggen, der fargen bidreg til å gi den menneskelege eigenskapar, eit liv, «raudt pulserande». Så er det kan hende rart at nett brytninga, som veggen representerer, er det som får noko til å henge saman, «festar hus og kropp i hop / til same kjøt». Ja, kanskje er det dette som er fødselsaugeblikket.  

I siste avdelinga, som altså er innleidd med teiknet for det uendelege, skjer eit taktskifte, her går linene heilt ut til høgresida før dei vert brotne, rytmen er stakkato, oppdriven. Her har «hagen rivna. Bakken sprokke opp» … «Torva har velta om» … «Det surklar (…) i rotsprengde drensrøyr, attfylte steingrøfter, håpefulle lengdeverk i fallande strekk. Og oppsmuldra, alle desse tiltaka for å manøvrere: vatn». Molda blir omsnudd, vrengd. Det blir teikna eit valdsamt, kaotisk og dystopisk bilete der det lyriske eget frenetisk freistar å få kontroll på vatnet.

I Margrethe Aas’ Ur mor atter er det meir å lese enn kva ein ved eit første augekast innbiller seg. Dikta byggjer opp og dei river ned og dei manar fram ei kjensle som murrar av ubehag. Lydleg og rytmisk synest eg også at dikta har noko for seg, i vekslinga mellom det langsame, oppjaga og brotet. Eit par stader irriterer eg meg over alle presens partisippa som opptrer for tett på små tekstflater og fører til klangmonotoni. Ikkje veit eg, det kan vere tilsikta. Ja, eg ser at ein nok kan lese presens partisippforma – som er ein daktyl – som ein slags bølgjebevegelse, der krafta i ordet formeleg avtek i stryke mot slutten, som ringar fortapar seg i vatn: «svevan-de».

Dikta i Ur mor atter blir til ein målestokk på ubalansen som har råka verda eller det lyriske eget. Margrethe Aas’ dikt har som vatnet fleire rørsler, den rørsla som vellar opp frå grunnen i ei oppkomme, den rørsla som følgjer overflatestraumen og den rørsla som faldar seg inn i seg sjølv, slik som kvervelen og malstraumen gjer.

Sindre Ekrheim, f. 1967, er poet, kritikar og redaktør for Krabben